Søk i våre sider:




Forsiden Styret Aktuelt fra styret Vedtekter Linker







 
 
Forsiden > Vedtekter

Norsk-Færøysk Lag: Vedtekter

Lovene er vedtekne i 1932, revidert 7.5.1985 og 13.2.2000 §1. Namn og statusNamnet på laget er Norsk-færøysk lag. Laget er ein sjølvstendig og landsomfattande samskipnad uten partipolitisk binding.§2. FøremålNorsk-færøysk lag skal fremje samarbeid mellom Noreg og Færøyane. Laget skal vere ein samlingsstad for færøyingar og andre med særskild interesse for Færøyane.§3. StyreLaget sak ha eit styre med formann, fire styremedlemer og tre varamenn, som alle vert valde av årsmøtet. Styret vel sjølv varaformann, skrivar og kasserar.§4. ÅrsmøteÅrsmøtet er høgste styremakta i laget og skal haldast kvart år før første mars. Styret sender skriftleg innkalling med sakliste og vedlegg seinast fjorten dagar før møtet. Årsmøtet kan berre gjere vedtak i saker som står i innkallinga.Årsmøtet skal ha føre:- Val av møteleiar og -skrivar- Årsmelding- Ettersedd rekneskap- Fastsetjing av årspengar- Mogelege lovbridge- Andre framlegg- ValA) Lagsformann, som vert vald kvart år og med særskilt val.B) To styremedlemer, valde for to år.C) Tre varamedlemer til styret, den første skal veljast med særskilt val.D) Fire medlemer av tilskipningnemnd, valde for eitt år. Ein styremedlem går inn som formannE) Tillitsmann for Hassfjelltufti, gnr.12, bnr.91, Gimle i Røyken, skyld 2 øre.F) To ettersynsmenn, valde for eitt år.G) Tre medlemer til valnemnd, årsmøtet vel formannen.§5. Framlegg og røystingFramlegg til årsmøtet må vere komne til styret før første februar. Vedtak vert gjorde med vanleg fleirtal når ikkje anna er sagt. Er røystetalet likt, har formannen dobbelrøyst. Til lovbridge krevst at to tredjepartar av dei frammøtte røystar for det. Røystinga skal vere skriftleg dersom nokon krev det.§6. MedlemskapAlle interesserte kan bli medlemer av laget. Verksemder og institusjonar kan bli støttemedlemer. Styret kan i særlege høve seie opp eller nekte medlemskap. Slik avgjerd kan ankast til årsmøtet. Røysterett i laget har den som har vore medlem i minst ein månad og betalt årspengane. Berre personlege medlemer har røysterett. Berre personlege medlemer kan veljast til tillitsverv. Den som skuldar årspengar for to år, kan strykast som medlem.§7. Omframt årsmøteStyret kan innkalle til omframt årsmøte. Når to tiandepartar av alle medlemene krev det, skal det haldast omframt årsmøte snarast råd og seinast tretti dagar etter at kravet er kome til styret. Omframt årsmøte tek stode berre til dei sakene som det er kalla inn til møte om. Det som det er kravt omframt årsmøte om skal fremjast først.§8. OppløysingLaget kan ikkje løysast opp utan at tre fjerdepartar av alle medlemene røystar for det ved uravrøysting, og at oppløysing vert vedteken med tre fjerdedels fleirtal på det etterfølgjande årsmøtet. Det årsmøtet som vedtek oppløysing, skal avgjere korleis lagseiga skal nyttast til gang for lagsføremålet.